
Under finner dere til orientering Universitetets brev til fakultetet om denne høring. Eventuelle kommentarer og/eller innspill kan sendes til instituttet ved Julie.Stavnes@uib.no senest fredag 15. mai.
UiB bidreg med forsking som formar samfunnet, og ønskjer å stimulere til at forsking og utdanning blir nyttiggjord. Difor er det avgjerande at tilsette, studentar og andre har førehandsvisse om korleis arbeidsresultat kan gi ulike innovasjonar, og korleis rettane er fordelt mellom desse og institusjonen.
Ein ny politikk for immaterielle rettar ved Universitetet i Bergen blei vedteken av universitetsstyret 31. oktober 2025, og erstatta dermed rettigheitspolitikken som blei bestemt i 2009. Universitetsstyret har gitt universitetsleiinga mandat til å utforme nytt reglement i samsvar med den vedtekne politikken.
Før den nye politikken blei vedteken hadde ei arbeidsgruppe fått mandat til å revidere delar av rettigheitspolitikken til UiB, og komme med eit forslag til nytt reglement for immaterielle rettar ved Universitetet i Bergen.
Rapporten frå arbeidsgruppa blei send på høyring 16.10.2024, og høyringssvara blei tatt omsyn til i utforminga av ny politikk. Reglementet som no blir send ut på høyring er endra i tråd med denne politikken og vil erstatte gjeldande reglement om håndtering av ansattes rettigheter til forsknings- og arbeidsresultater ved Universitetet i Bergen.
For at det nye reglementet best mogleg skal støtte innovasjon og samfunnsnytte, og vere eit forståeleg og praktisk verktøy for tilsette, studentar og andre, blir reglementet no sendt ut på høyring med frist 25. mai 2026.
Vi minner om at reglementet tar utgangspunkt i den vedtekne politikken, og ber om innspel innanfor denne ramma. Vi ønskjer særleg innspel på om reglementet er forståeleg og brukarvenleg, og om interessene til dei ulike brukargruppene er godt ivaretekne.
Endringane i utkast til nytt reglement
Dette er endringane i hovudtrekk:
- Endringane gjeld for det meste arbeidsresultat som er kommersialiserbare.
- Formuleringa av formålet til det nye reglementet er gjort enklare og i tråd med den nye politikken.
- Studentar, gjesteforskarar og sjølvstendige oppdragstakarar er nemnde som omfatta av reglementet. Dette er i tråd med plikter UiB har overfor samarbeidspartnerar og eigne tilsette.
- Dataprogram og databasar som blir brukte til kunstig intelligens er omfatta. Det same gjeld knowhow og forretningshemmelegheiter. Knowhow er kunnskap eller ekspertise med forretningsmessig verdi, men som ikkje kan patenterast eller vernast rettsleg på andre måtar. Forretningshemmelegheiter er kunnskap som ein søkjer å halde hemmeleg, og som difor har eit særleg rettsleg vern.
- Akademisk fridom er understreka, og instituttleiars rolle er gjort klarare og viktigare.
- Fordelingsmodellen mellom oppfinnarar, institutt og institusjon er endra, der oppfinnarar og institutt deler den første millionen i inntekter.
- Reglane for terminering av kommersialiseringsprosjekt er endra til gunst for institutt og oppfinnar.
- Kva rettar studentar har dersom dei deltek i større prosjekt er klargjorde.
Vedlagt er utkast til nytt reglement for immaterielle rettar og arbeidsresultat ved UiB. Ved spørsmål om saka kan Dag Hellesund, dag.hellesund@uib.no, kontaktast.
| Med venleg helsing | |
| Margareth Hagen | Tore Tungodden |
| rektor | universitetsdirektør |
