BIO samarbeid med SUNY ESF i USA og SLU I Sverige om eit unikt kurs for master og doktorgradsstudentar: Climate Change and the Ocean

Det er få kurs å velje mellom for master- og doktorgrads-studentar på BIO – og knapt noko om effekt av klimaendringar. Difor slo vi til på det unike tilbodet frå professor Karin Limburg ved State University of New York College of Environmental Science and Forestry (SUNY ESF) om å samarbeide om kurset Climate Change and the Ocean.
Forskarar frå mange ulike fagfelt og disiplinar gav seminar. Frå fysisk/kjemisk oseanografi, til økologi i ulike habitat, konsekvensar av transport og andre menneskelege aktivitetar, men også om moglege globale politiske løysingar og tilpassingar. På siste seminaret deltok til og med Global vise-koordinator for FNs havtiår for havforsking for berekraftig utvikling under UNESCO sin mellomstatlege oseanografiske kommisjon. Då fekk studentane innblikk i prossessane bak global styring av verdshava.

BIO studentar kunne delta på Zoom saman med studentar knytt til SUNY og Sveriges Landbruksuniversitet (SLU). Då undervisarar og studentar spreidde seg over mange tidssoner- med til saman 31 seminarer – to ettermiddagar kvar veke, også i påskeveka….. Felles for alle universitetene blei plattformen Discord sett opp til kommunikasjon og diskusjon mellom alle kursdeltakarane. Ved BIO blei undervisinga i tillegg registrert som eit BIO-Z kurs på 5 studiepoeng på MittUiB. Der blei det lagt inn bakgrunnslitteratur til førebuing, lysark og youtube-videoar frå forelesingane. For å få studiepoeng krevdes deltaking på 75% av seminarene og innlevering av 6 refleksjonsnotat om tema som blei undervist. Frå BIO deltok 11 PhD og Master-studentar på seminarene. Seks trengte studiepoenga og skreiv notatene, dei andre deltok på seminarene.

På siste seminar spurde vi studentane om kva dei hadde lært om klimaendringar, sjå figuren under. Døme frå evaluering frå BIO deltakarar: «The lectures were absolutely phenomenal, and I feel lucky that I got the opportunity to hear from so many incredibly varied, distinguished, and excellent lecturers. I really feel like I’ve learnt so much from these lectures”, & “I liked this course because each lecture was given by different researchers covering various topics on climate change and the ocean, and this made the course engaging and appealing. I only missed one lecture due to a scheduling conflict with a workshop.”

Både studentane og vi koordinatorar var veldig nøgde med innhaldet i kurset. Alle lærte mykje. Kanskje samarbeid om undervising over Atlanteren og i Norden kan auke omfanget av studietilboda ved BIO?

Anne Gro Vea Salvanes