Nytt Reglement for immaterielle rettigheter og arbeidsresultat ved Universitetet i Bergen

Følgjebrev til Reglement for immaterielle rettigheter og arbeidsresultat ved Universitetet i Bergen

Nytt reglement for immaterielle rettar – iverksetjing frå 15. september

Universitetsleiinga har vedteke nytt reglement for immaterielle rettar og arbeidsresultat ved Universitetet i Bergen. Reglementet trer i kraft 1. september 2026, og erstattar gjeldande regelverk på området. Kommersialiseringsprosjekt som blir melde inn etter denne datoen vil bli handsama etter det nye reglementet. Reglementet ligg vedlagt.

Reglementet har vore på høyring i organisasjonen. UiB har fått innspel frå fleire miljø, og desse har vore viktige i arbeidet med å ferdigstille reglementet.

Føremålet med det nye reglementet er å gje førehandsvisse om rettar og plikter knytte til forskings- og arbeidsresultat, og å leggje betre til rette for at kunnskap og resultat frå verksemda ved UiB kan kome samfunnet til nytte. Reglementet skal samtidig ivareta omsynet til akademisk fridom og dei tilsette og studentane sine rettar.

Reglementet omfattar mellom anna:

  • kven som har rettar til ulike typar arbeids- og forskingsresultat
  • universitetet si rolle ved kommersialisering av resultat
  • reglar for melding og handtering av oppfinningar og andre resultat med kommersielt potensial
  • prinsipp for fordeling av inntekter frå kommersialisering
  • avklaringar knytte til studentarbeid og samarbeid med eksterne partnarar

Det er laga standardavtaler som gjeld for studentar. Forskings- og innovasjonsavdelinga (FIA) er tilgjengelege for spørsmål og rettleiing i implementeringsfasen.

Med venleg helsing 
Margareth HagenTore Tungodden
rektoruniversitetsdirektør