Vi startar arbeidet med frivillig skogvern på Svanøy i Kinn kommune

Norwegian language

Etter dialog med grunneigarane og Norskog melder vi formell oppstart av skogvernprosess på
Svanøy i Kinn kommune. Føremålet med dette brevet er å informere om prosessen som no startar
opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Les brevet frå Statsforvaltaren

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som
mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert av oss, vil vi sende eit meir detaljert
forslag til vern på høyring. I høyringsdokumentet vil vi omtale dagens bruk av tilbodsområdet meir
detaljert. Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2,
6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 1. november 2023.
Nettsak for denne oppstartsmeldinga med fleire bilete av området finn du på nettstaden vår
https://www.statsforvalteren.no/vestland/miljo-og-klima/verneomrade Vi har også ei eiga temaside
med lenkje her om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.

Les heile brevet frå Statsforvaltaren

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *