20. Oct, Debate on the Norwegian long-term plan for reserarch

Norwegian language

Velkommen til debatt om Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

Månelanding, berekraft og inkludering – kva no for forskinga?

Regjeringa har staka ut kursen for norsk forsking dei neste åra gjennom den nye langtidsplanen: Innovasjon og konkurransekraft, god og tilgjengeleg forsking og utdanning og berekraft.

Kva betyr det for forskarane? Og er det meir enn fine ord?

Universitetet i Bergen og Khrono tek debatten om Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Det skjer på Kulturhuset i Bergen 20. oktober klokka 19.00.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel kjem. Kjem du?