Månelanding, berekraft og inkludering – kva no for forskinga?
Regjeringa har staka ut kursen for norsk forsking dei neste åra gjennom den nye langtidsplanen: Innovasjon og konkurransekraft, god og tilgjengeleg forsking og utdanning og berekraft.
Kva betyr det for forskarane? Og er det meir enn fine ord?
Universitetet i Bergen og Khrono tek debatten om Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Det skjer på Kulturhuset i Bergen 20. oktober klokka 19.00.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel kjem. Kjem du?