UIB IDÉ – Har du ein god idé? Søk støtte.

UiB idé gir tilsette og studentar mogelegheit for å søkje støtte til gode innovasjonsidear, som må utviklast og testast før dei blir utvikla vidare.

Maksimalt støttebeløp er 500 000 kroner for forskarprosjekt, og 100 000 kroner for studentprosjekt. Søknadsfrist er 31. mars 2023. Ramma for programmet er 2 millionar kroner.

Les mer om programmet her:

Har du ein god idé? Søk støtte! | Forsknings- og innovasjonsavdelingen | UiB

 

Husk: Både forskarar og studentar kan òg søkje om opptil 25 000 kroner frå UiB tidleg idé, som rettar seg mot ekstra tidlege prosjekt som seinare kan kvalifisere til hovudtildelinga. Desse midla blir tildelt fortløpande, og har ingen søknadsfrist.