Linjeforeninga for fiskehelse og havbruk (LFFH)

Bilde av LFFH-styret:

Øverst frå venstre: Sondre Kvivik (styremedlem), Kristine Dahlgren (Leder), Lene Malmo Morken (Nestleder), Mina Frøshaug (Bedriftsansvarlig), Torbjørn Fosså (Styremedlem)

Nederst frå venstre: Ranja Ræstad (Arrangementsansvarlig), Silje Villa (Økonomiansvarlig), Renate Røtveit (styremedlem), Synne Aurora Pettersen-Dahl (Media – og kommunikasjonsansvarleg) og Martin Skaar (styremedlem)

Om oss:

Linjeforeninga for fiskehelse og havbruk (LFFH) blei stifta i 2011, og består av studentar ved dei to integrerte masterane akvamedisin – fiskehelse og havbruk ved UiB.

Linjeforeninga er ein arena for både det sosiale på tvers av studieprogramma og kulla, men fungerer og som eit sterkt bindeledd mellom studentane og framtidige arbedsgivarar i havbruksnæringa. Vi gjer dette ved å ha samarbeidspartnarar kvart år frå ulike delar av næringa og inviterer til bedriftspressentsjonar med fleire bedrifter i løpet av semesteret!

Eit av våre største arrangement er Næringslivsdagen som blir arrangert kvart år i september. Dette arrangementet blei starta opp i forbindelse med 10-års jubileet til linjeforeninga i 2021! 2022 hadde vi 18 stands og 6 foredragsholdarar med aktuelle bedrifter innen havbruk for våre studentar, og satsar på MINST like stor suksess i år. Linjeforeninga får berre større og større omfang, og har no blant anna oppretta ein eigen komite som skal arrangere næringslivsdagen,!

Andre arrangement vi har stort fokus på er den årlege hytteturen vår til Voss som er eit høgdepunkt! Vi arrangerer og nyttårsgalla, quiz og andre arrangement som passar til sesongen!

 

Om dykk ynskjer å nå oss:

Mail: info@lffh.no

Instagram: linjeforeningenlffh

 

Skjekk og ut nettsida vår LFFH.no for meir info!

 

Mvh

Kristine Dahlgren

Leder | Linjeforeningen for fiskehelse og havbruk 

Tlf: 91133470

www.lffh.no

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *