UiB har mottatt brev frå HKDir om at neste NORPART utlysing er utsett til våren 2024:
NORPART-utlysinga utsett til våren 2024
HK-dir vil med dette informere om at den annonserte utlysinga i
Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART) er utsett til
våren 2024.
Utlysinga er fjerna frå hkdir.no og det er ikkje mogeleg å legge inn nye søknader i
søknads- og rapporteringssystemet Espresso. Fagmiljø med påbyrja søknader vil
bli kontakta direkte.
Vi ber om at denne informasjonen blir vidareformidla ved dykkar institusjon.
Med venleg helsing
Hilde Elin Haaland-Kramer
avdelingsleiar
Herdis Kolle
seniorrådgivar