Gode idear oppstår overalt på Universitetet i Bergen, og med UiB idé kan studentar og forskarar teste ut og utvikle innovasjonsideane sine. Studentar kan få opptil 100 000 kroner i støtte, og forskarar 500 000 kroner. Du får òg råd frå profesjonelle rådgivarar. Søknadsfristen er 19. april.
Les meir om programmet på uib.no/ide.
Det er i tillegg muleg å søkje om opptil 25 000 kroner gjennom UiB tidleg idé, og her kan ein søkje heile året.
Har du spørsmål eller behov for veiledning? Ta kontakt med Yves Aubert: yves.aubert@uib.no<mailto:yves.aubert@uib.no>.