Utlysing av Erasmus OS-midlar studieåret 2024-25

Studieavdelingen (SA) lyser ut OS-midlar (Organisational Support) for studieåret 2024-25. OS-midlane blir generert av mobilitet gjennom Erasmusprogrammet og blir nytta til tiltak som vil fremje internasjonal studentmobilitet med god fagleg forankring ved UiB.

Både faglege og administrativt tilsette ved institutt og fakultet kan søke om OS-midlar.

Slike tiltak kan vere:

  • Arrangement/tiltak for å fremje utreisande studentutveksling, så som informasjonsmøter og sosiale arrangement
  • Arrangement/tiltak for å betre integrering av innreisande utvekslingsstudentar
  • Kontaktreiser til partnarar for å legge til rette for og kvalitetssikre utreisande studentutveksling. SA legg til grunn at det ikkje bør reise meir enn to tilsette.
  • Tiltak som fremmer satsingsområdet inkludering og mangfald innan internasjonalisering.
  • Tiltak som fremjer internasjonalisering med eit lågt klimaavtrykk.

 

I utgangspunktet vil søkjarar få dekka inntil 50 % av utgiftene. AT BIO: Søkere må derfor ha en plan for å dekke resterende utgifter via andre midler.

Ved små beløp kan vi vurdere å dekke meir enn 50 % av dei totale kostnadane. Maksimalt tildelt beløp per søknad er 30.000 kroner.

 

Søknad om støtte skal sendast til Studieadministrativ avdeling i ePhorte 24/12229, med ein oversikt over korleis pengane skal nyttast.

Søknadane vil bli behandla fortløpande. Vi ber fakulteta gjere støtteordninga kjend i fagmiljøa sine. Har de spørsmål, ta kontakt med Studieavdelinga, kontaktperson Helge Bjørlo.