Har du ein god idé? Søk støtte!: Fakultet for naturvitenskap og teknologi

UiB idé gir tilsette og studentar mogelegheit for å søkje støtte til gode innovasjonsidear, som må utviklast og testast før dei blir utvikla vidare.

Maksimalt støttebeløp er 500 000 kroner for forskarprosjekt, og 100 000 kroner for studentprosjekt. Søknadsfrist i 2025 er 14. februar. 

Er du student og har ein idé om korleis kommunar kan hjelpe innbyggjarane sine på ein betre måte, men du veit ikkje korleis du skal gå fram? Eller er du forskar, og ser at forskingsresultata dine verkeleg kan gjere ein skilnad for folk, eller hjelpe ein industri, men du veit ikkje korleis du skal få gjort det om til eit faktisk produkt? Med UiB idé har universitetet fått et program som kan hjelpe din idé med råd og finansiering, slik at du kan nå målet.

For meir informasjon og søknadsskjema, sjå heile utlysinga på uib.no