Har du publisert i ein kanal som ikkje er registrert i Register over vitenskapelige publiseringskanaler?
Publikasjonar registrert i Cristin, må vere i ein publiseringskanal på nivå 1 eller 2 for å gje utteljing ved NVI-rapportering. Dersom du i 2023 har publisert i ein kanal (tidsskrift, forlag, serie) som ikkje er registrert, må kanalen meldast inn til vurdering.
Fristen for innmelding av publiseringskanalar er 30. november 2023.
- Søk etter kanal i registeret: https://kanalregister.hkdir.no/publiseringskanaler/Forside
- Innmelding av publiseringskanal: https://kanalregister.hkdir.no/publiseringskanaler/BrukerLoggpa.action
- Prosedyrar for forslag til registeret: https://kanalregister.hkdir.no/publiseringskanaler/OmProsedyrer
Ved spørsmål, kontakt publiseringskanaler@hkdir.no<mailto:publiseringskanaler@hkdir.no>