Etter dialog med grunneigarane og AT Skog melder vi formell oppstart av skogvernprosess på Eimhjellen i Gloppen kommune i Vestland. Føremålet med dette brevet er å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar. Frist for innspel er 15. april 2024.…
Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og ulike tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.
Send innspel til oppstartsmeldinga som brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no innan 15. april 2024.