
Vi har gleda av å invitere deg til Rosendal og Rosendalsveko 2026, som går av stabelen 3.– 4. august på Folgefonnsenteret.
Sidan oppstarten har Rosendalsveko vore ein stad der forskarar, næringsliv, forvaltning og politikarar møtest for å dele kunnskap, bryne idear og finne nye vegar vidare. No ønskjer vi deg velkomen tilbake til to nye dagar med fagleg påfyll, engasjerande samtalar og møte mellom folk som vil noko for framtida.
Årets tema er «Klimatilpassing – frå kunnskap til handling». Vi set søkjelys på korleis klimaendringane påverkar natur, friluftsliv, fjord og fjell – og kva som skal til for å sikre gode val i framtida. Gjennom faglege innlegg frå leiande forskarar og aktørar i næringslivet, og politiske debattar om mellom anna naturforvaltning, framtidas havbruk, dyrevelferd, kraftbruk og grøn omstilling, ønskjer vi å løfte både innsikt og handlingskraft.
For å motta oppdateringar om program og påmelding; registrer deg her: Rosendalsveko 2026
Send gjerne vidare denne invitasjonen til andre du trur kan vere interessert.
Hjarteleg velkomen!
Venleg helsing programkomiteen
