Vi vil gjerne invitere deg til UiBs kommande innovasjonsarrangement UiBs beste idear den 19. juni frå 14.00-16.00. Etter arrangementet blir det servering av mat og drikke.
Arrangementet vil vise tidlegare, pågåande og planlagde innovasjonsprosjekt som har blitt utvalde og støtta av UiBs verifiseringsprogram UiB idé. Vi får høre om redningsutstyr for ekstreme klimatilhøve, spel som utdannar, kreftbehandling, ei ny tilnærming til diagnostisering av sjukdommar, sosiale nettverk, biomateriale og bioreaktorar, marine habitat, språkopplæring støtta av kunstig intelligens, alternativ matproduksjon, og meir.
Du finn meir informasjon om arrangementet og registreringslenke her: https://www.uib.no/en/innovation/162907/uib-id%C3%A9-kick
Påmeldingsfrist: 19. juni kl. 10.00
Arrangementet er ope for alle.
Vi inviterer deg til å bli inspirert av nokre av UiBs mest kreative hjerner, og håper å sjå deg på Eitri medisinske inkubator for eit fyrverkeri av idear, mat og diskusjonar!
Beste helsing frå
Dag Hellesund
Kommunikasjons- og innovasjonsrådgiver
Forsknings- og innovasjonsavdelingen (FIA)
Universitetet i Bergen
Mob: +47 91 55 42 99