UiBs klimafond: BIO får støtte til takhage og sykkeldag!

Instituttet har søkt om og fått støtte til to tilak fra Universitetet i Bergen sitt klimafond i 2024:

  • 75.000 kr for å etablere ein takhage i Thormøhlensgate 53A (Biologen, A-blokka). Vi må sjølve opparbeide og vedlikehalde hagen, i samarbeid med Eigedomsavdelinga.
  • 20.000 kr for å halde ein sykkeldag for ansatte og studentar

Klimafondet er eitt av tiltaka som skal bidra til at vi når målet om at universitetet skal vere klimanøytralt innan 2030:

Fondets formål er å finansiere tiltak som bidrar i arbeidet for et mer miljø- og klimavennlig universitet, enten ved å direkte redusere UiBs klimafotavtrykk, eller ved å engasjere studenter og ansatte til en felles miljø- og klimadugnad.

Under sykkeldagen vil vi hente inn ein sykkelreparatør som kan utføre service på syklane, og om alt klaffar vert det og mogelegheit for å reingjere sykkelen.  Så vert det og eit sosialt arrangement med enkel servering.  Og sjølv om forhandlingane ikkje er sluttførte, har vi god tru på at vi kan dra i land ein avtale om godt ver!

Når det gjeld takhagen treng vi både gode innspel, kunnskap og friviljuge til dugnagslag for opparbeiding og vedlikehald av hagen.  Ein eller fleire entusiastar har allereide eit lite dyrkingsprosjekt der oppe, vi håpar fleire vil vere bidra til å skape ein liten grøn oase til glede for alle.  Vi kjem tilbake med ein mer konkret førespurnad om litt, men det er berre å ta kontakt med Nina Hølland (nina.holland@uib.no) om du ønsker å bidra.

Nokre forslag er allerede diskuterte og forskasta, slik som ein mini-taiga i  bonzai format, kunstig tundra med solcelledriven kjøling eller løypestreng (zip-line) mellom A og B bygga.  Men vi er visse på at vi kan få til mykje anna fint!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *