Alumnustreff – Gjensyn Jahnebakken

Alumnustreff for plantefysiologer og mikrobiologer 21. mai 2022. Foto: Gunnar Bratbak

Alumnus treffet 21.mai 2022 hadde som føresetnad å samla så mange som mogeleg av dei som vart Cand. real eller Cand. scient. i åra fram til Instituttet vart flytta frå Jahnebakken 5 og til Marineholmen. Om lag 180 personar var på adresselista og ca. 110 var påmelde!

I 1951 flyttet Botanisk Laboratorium inn i nytt bygg – det var i vestfløyen av «Geofysen». Professor Oscar Hagem og amanuensis Aasa Omvik var dei som følgde med frå Bergen Museum til Universitetet i Bergen. Dosent Poul Larsen blei tilsett i 1952 Larsen vart professor i 1955 då Hagem gjekk av. Jostein Goksøyr vart då tilsett i dosenturet. Instituttet var delt i 1966 då Goksøyr vart professor i mikrobiologi og Institutt for Mikrobiologi vart oppretta. I 1970 vart Ian Dundas tilsett som dosent i Marin mikrobiologi, og i 1971 vart Gjert Knutsen professor i algefysiologi – og Per Nissen vart i 1974 tilsett som professor i Plantefysiologi. I tillegg til desse kom det ei rekkje tilsette i mellomstillingar: Knut Mikalsen (genetikk), Torbjørn Aasheim (plantefysiologi), Knut Pedersen (genetikk) og Jan Raa (biokjemi, plantesjukdomar), Torleiv Lien (mikrobiologi)  og Finn Langvad (mikrobiologi). Dette vart åra fram mot 1980. Etter vekslande instituttstruktur var alle Bioinstittuta samla til Biologisk institutt i 2004 og i 2010 vart instituttet flytta til Marineholmen.

Etterveksten vart i stor grad knytt til mikrobiell økologi der instituttet vart mellom dei leiande internasjonalt. Det vart Vigdis Lid Torsvik og Lise Øvreås som førte arbeidet med jordmikrobiologi vidare. Tron Frede Thingstad og Gunnar Bratbak vart sentrale leiarar innan Marin mikrobiologi og Terje Torsvik – saman med Nils-Kåre Birkeland og Ida-Helene Steen – førte vidare arbeidet innan olje- og anaerob mikrobiologi etter Lien. Plantefysiologi som fag fall bort etter at Per Nissen fekk ein toppstilling ved dåverande NLH, Ås. Og i dag er alle fagområda sterkt prega av metodegrunnlaget knytt til molekylærbiologi.

Alumnus treffet 21.mai 2022 hadde som føresetnad å samla så mange som mogeleg av dei som vart Cand. real eller Cand. scient. i åra fram til Instituttet vart flytta frå Jahnebakken 5 og til Marineholmen. Om lag 180 personar var på adresselista og ca. 110 var påmelde! Nær alle dei påmelde møtte til omvising på noverande avdeling for mikrobiologi, lunsj i kantinen, HiB, besøk på gamle tomtar i det noverande Bjerknes-senteret og ein fagleg bolk på HiB om utviklinga fagleg gjennom dei seinaste åra. Samlinga vart avslutta med middag på Merkantilen, Marineholmen. Det var ei samling som fullt ut synte breidda i arbeidsoppgåver kandidatane fekk i arbeidslivet etter utdanninga. Einar Clausen var i si tid vitskapeleg assistent ved Institutt for Mikrobiologi og ha sa eingong at «med hovudfag i mikrobiologi kan du bli kva som helst – inkludert residerande kapellan». Det kan sjå ut til han nesten hadde rett – bortsett frå geistleg stilling. Stor spreiing i yrkesretningar innan offentleg verksemd, privat og offentleg næringsliv. Deltakarane kom frå nær sagt alle delar av landet – og  frå Island, Danmark og heilt frå Singapore!

Skal det vera med ein konklusjon på ei slik samling så er det at det er nyttig og triveleg å møta gamle vener! Eit sterkt fellesskap prega instituttmiljøet gjennom åra – og dei spora synte seg godt laurdag 21. mai 2022.  Eit velfungerande sosialt og vitskapeleg miljø som inkluder alle frå professor til hovudfagstudent og med nærkontakt til administrative einingar får fram det beste i folk – der kjem dei store einingane ofte til kort.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.